Å flette håret i alle mulige variantar har vorte svært populært. Førskomande laurdag kjem ei dame som er veldig flink til dette på besøk til øya vår, nemleg Maria Sindre-Bjelke frå Trondheim. Ho er også er kjend som Flettemia og har gitt ut ei bok som er full av oppskrifter på ulike måtar å flette håret på.

Har du lyst til å lære av henne? Laurdag kjem ho til Hareid folkebibliotek for å halde ”flettekurs” for både vaksne og born. Ho vil velje ut nokre små eller store som ho vil vise fletteteknikkane sine på. Ho oppmodar dei som vil om å ha med kam, børste og strekk, slik at folk kan prøve å flette sjølve medan ho går rundt og hjelper til.  Alle som ynskjer kan komme og prøve sjølv eller berre sjå på.

Flettemia vil også besøke butikken Glitter på Blåhuset i samband med besøket på Hareidlandet.