Oscar Overvåg Tafjord frå Ulsteinvik og kjærasten Marita Sæther Skoge stakk av med sigeren i reklamefilmkonkurransen til Den vesle nøttefabrikken der oppgåva var å skildre det perfekte nøttesekund. Den eitt sekund lange vinnarfilmen består av eit gitarriff og vokalutropet "Nuts!"

Lik Vikebladet Vestposten på Facebook

Opphaveleg var premien at filmen skulle synast i reklamepausen under Super Bowl i USA, men av ulike årsaker vart ikkje dette mogleg å få til.

Filmen vert i staden synt i ein reklamaepause på kanalen TV2 Livsstil natt til mandag i staden. Kanskje ikkje akkurat fullt så flott som dei opphavelege planane, men vinnarparet er nøgde med sigeren likevel.

Les også: Oscar og Marita er i finalen