Då Vikebladet Vestposten og fleire andre media tok turen til settet onsdag, var gjengen bak kinosuksessen «Børning» i full gang med å spele inn fyrste del av neste film, «Børning 2». Sekvensane media fekk vere vitne til gjekk ut på at protagonisten i historia, Roy, hadde kome opp i ein situasjon han ikkje taklar så bra. Her kjem også ekskona inn i biletet.

Marie Blokhus spelar Ingrid, ekskona til Roy, som igjen er spelt av Anders Baasmo Christiansen.

Blokhus har ikkje vore i Fosnavåg før, og har verkeleg stortrivst med filminnspeling på Mjølstadneset, Runde og andre stader, sjølv om det har vore mykje vind og regn.

- Det er ein flott gjeng å reise kring om i Norge med. Eg var så vidt med i første filmen, og er veldig glad for at eg får bli med også i nummer to, seier Marie Blokhus til Vikebladet Vestposten.

- Smertefri start

- Det er heilt fantastisk her. Det er verkeleg elskverdig naturporno, og det gjer seg ekstremt godt på film, seier Jonas Oftebro.

Veslebroren til meir kjende Jakob Oftebro har spelt i «Bølgen», der handlinga var lagt til Geiranger. Difor har han sett noko av regionen før.

- Men eg har ikkje vore her ute før. Det sjølv om mamma og pappa har vore med i Herøyspelet i mange år. Det er godt å endeleg få sjå Søre Sunnmøre og helse på mange av dei foreldra mine har blitt kjent med gjennom sine somrar her oppe, seier Oftebro.

Hovudrolleinnehavar Anders Baasmo Christiansen var mest i fokus under innspelinga onsdag, men tok seg tid til ein liten prat med pressa.

- Det har vore ein smertefri start, og vi har storkosa oss. Eg håper at alle dei flinke statistane som har vore med også fekk ei fin oppleving ut av dette, sa Baasmo Christiansen til Vikebladet Vestposten.

Og skulle du lure på kvifor nettopp Fosnavåg blei starten på «Børning 2», så har det både samanheng med interessene til regissør Hallvard Bræin, som har besteforeldre på Åheim, og at aktørane i filmen kastar pil på eit kart, og treff nettopp Fosnavåg. No står att det å sjå om dei lokale statistane får sjå mykje av seg sjølve når filmen har premiere i haust.

Etter opphaldet på Søre Sunnmøre er neste location på Oppdal.

Les meir i torsdagsutgåva av Vikebladet Vestposten.