Friluftsforeningas Barnturlag Volda/Ørsta arrangerer tur til Uglesætra i dag. Den spennande turen passar for born frå 3 år og oppover.

Uglesætra ligg på sørsida av Dimna og er eit eldorado for born. Det gamle sætrehuset er restaurert og området rundt er tillaga som leikeområde for born i alle aldrar. Her er klatretre og mange underlege figurar. Inne i huset finn ein kart over området og ugleskrinet med små diamantar til ungane.

Turen er open for alle, ikkje berre medlemer av turlaget. Men alle er velkomne til å melde seg inn.

Her finn du informasjon om Uglesætra og kvar du kan parkere.