Stavanger: I konkurranse med 181 andre fotografar vart Miriam Skeide Brandstad søndag kveld kåra til "Årets Fotograf NFF 2016". Dette er den største konkurransen for fagfotografer har i landet og  vert arrangert i regi Norges Fotografforbund. Premieutdelinga fann stad i samband med Norges Fotografforbund sitt landsmøte som går føre seg i Stavanger 3. - 6. april.

Fotograf Miriam Skeide Brandstad, som opphaveleg er frå Ulstein og er dotter til Robert og Karin-Marie Skeide, fekk høgaste poengsum i konkurransen der ho vart premiert for bileta ”Fall in love”, ”Min pappa er sterkere enn din”, ”Framtiden i våre hender” og ”The unbreakable love of sisters”. I alt var det sendt inn 720 arbeid frå heile landet.

Dette seier juryen:

Det er ingen tvil om at dette er ein fotograf som fortener tittelen Årets Fotograf. Samtlege bilde held eit høgt nivå både teknisk og uttrykksmessig. Bilda er godt gjennomtenkte og syner god planlegging med kloke val. Resultatet vert fire sterke og stemningsfulle bilde. Bilda dreiar seg om noko av det viktigaste når det kjem til til bildepsykologi og bruk av fotografi i ein heim; relasjonar mellom menneske. I bilda kan dei kjenne at de høyrer til hos kvarandre og er ønska. Fotografen syner særpreg, men samstundes god variasjon og breidde. Fantastiske, sarte fargar og god svartkvitt. Ei fryd for auget frå ein verdig vinnar. Manglar det eitt ord her, så må det vere perfeksjonisme.

Miriam Skeide Brandstad har spesialisrert seg inna fotografering av nyfødde, babyar og barn. Ho held til på Averøy der ho driv Mitt Lille Studio. Nyleg kom ho heim frå Las Vegas med ikkje mindre enn tre Silver Awards frå Wedding and Portrait Photographers International (WPPI). Elles har ho henta heim prisar frå Federation of European Photographers, og ho tidlegare markert seg på landskonkurransen til Fotografforbunds landskonkurranse.

Om konkurransen:

Norges Fotografforbund sin landskonkurranse er Norges største fotokonkurranse og er open for medlemmar i Norges Fotografforbund og andre yrkesutøvande fotografar. Kvar fotograf kan sende inn fire fotografi i klassene; Portrett, Bryllaup, Barn, Familie/gruppe, Digitalt arbeid, Årets student/lærling og Open klasse. Fotografen med den høgaste poengsummen vert Årets Fotograf NFF.