Onsdag kveld denne veka inviterer danselinja ved Sunnmøre Folkehøgskule til gratis danseframsyning på Sjøborg.

Dei er seks samkøyrde unge dansarar som leverer eit variert og energisk program innan ulike sjangrar: Jazz, showdans, hiphop, samtidsdans, swing, tango m.m.

Sunnmøre Folkehøgskule ønskjer å vere ein positiv bidragsytar i lokalmiljøet og til kulturlivet i Ulsteinvik og ønskjer alle hjarteleg velkomne til gratis framsyning på Sjøborg.

Du finn meir informasjon om både framsyninga og danselinja på nettsidenen til Sunnmøre folkehøgskule og på Facebook.