Den legendariske jordmora i Ulstein fram til 1988, Oddny Holte, er ein av hovudpersonane i den nye boka om distriktsjordmødrene skriven av historikar Aud Farstad. Boka "På liv og død. Distriktsjordmødrenes historie" fortel òg om ei lang rad med både fødekvinner og jordmødrer. Som til dømes Berte Vartdal som sjølv segla over fjorden mellom Vartdal og Hareid for å nå fødekvinnene sine i Hareid distrikt, og som sende velskrivne brev til politikarane i fylket med krav om betre løn på vegner av alle jordmødrene.

Boka er den første samla framstillinga av den 200 år lange historia til distrikts­jordmødrene i Noreg. Den byrjar med at amtmannen i Møre og Romsdal fekk til eit ordna jordmorvesen på landsbygda i fylket i 1784, og endar med den nye kommunehelselova i 1984, som ikkje lenger kravde at kommunane skulle ha jordmor.

Boka fylgjer mange historiske jordmødrer frå dei gjekk på sine bein til Kristiania for å gå på jordmorskulen der, eller når dei reiste med dampbåt til Bergen for å gå på skulen der. Vi fylgjer elevane gjennom eit svært tøft år på jordmorskulen og heim att til eit einsamt yrke der dei hadde eit enormt ansvar og lite å hjelpe seg med. Alle har høyrt om jordmødrene sine turar over fjord og fjell i storm og stille for å kome fram til dei fødande. Mindre kjent er kva som møtte når dei når dei kom fram, og kva for utfordringar dei hadde med å få anstendig betaling for arbeidet sitt.

Jordmorutdanninga var de første vidaregåande utdanninga for kvinner i Noreg. Distriktsjordmødrene var òg dei første offentleg tilsette kvinnene i vårt land. Slik det går fram av boka er historia deira fullt av drama, heltemot, nederlag, gleder, sorger og kamp.

Boka, som er utgiven på Det Norske Samlaget, vert lansert på Ålesund Folkebibliotek torsdag 12. mai.