Det var godt med folk som tok turen til Hareid kyrkje på formiddagen 17. mai. Etter song frå Hareid Blandakor var det klart for årets talar. Bernt Brandal, lokalpolitikar for Folkelista, leiar for Hareid og Ulstein Fiskarlag og mykje anna, hadde den store æra av å halde årets tale.

Brandal tok oss med tilbake til Magnus Lagabøte si tid, men også til moderne tid. Han fortalde mellom anna litt om bakgrunnen for dei to minnesteinane.

Begge to minnesteinane som står like ved inngangen til Hareid kyrkje blei avduka 3. november 1946, og sidan har det kome fleire namn på dei. Den eine over dei som har kome vekk på sjøen, og den andre over dei som miste livet i krig.

- Begge ber eksempel på alle som har ofra seg i nasjonsbygginga - både i eldre og nyare tid, sa Brandal i talen sin.

Fortalde om sine forfedre

Bernt Brandal blei også personleg i talen sin. Han trekte fram morfaren og farfaren sin som segla ute under krigen og blei torpederte tre gonger kvar gjennom krigsåra.

- Utsegner som: "Vi låg i livbåtane so lengje at eg rakk å røyke opp redningsvesten min etter at eg gjekk tom for tobakk" eller "oss berga oss fordi vi prøvde å ta med ein hund ned i bomberommet - ei bombe gjekk av der dei var på veg og alle der omkom", viser at mykje meir kunne ha vore sagt og at innsatsen ikkje kan overvurderast.

Brandal fortalde også om ein av oldefedrene sine, og eine sonen hans. Dei miste livet, saman med seks andre, då "Isspurven" forsvann i ein kraftig storm på Sulehavet nyårsaftan 1913.

- Dei som kom vekk på sjøen gav heile livet sitt, og dei som sat igjen heime gav delar av livet sitt, sa Brandal til dei frammøtte.

Bourbon Dolphin og Øygarden-ulukka

Brandal trekte også fram nyare eksempel på dei som har mista livet sitt på sjøen.

- Vi minnest alle forliset til Bourbon Dolphin i 2007. Av dei 8 som omkom var 2 frå Hareid. (...) Dei fleste av oss slepp å gi liva våre, men helikopterulukka utanfor Øygarden for nokre veker sidan, gjer oss smerteleg oppmerksame på at sjølv i vårt moderne samfunn er det kvinner og menn som gjev liva sine for bygginga av landet, sa Bernt Brandal.

- Lever i ei brytningstid

- Vi lever i ei brytningstid der gamle ideal stend for fall og meir eller mindre velfunderte nye tankar og idear tek form. Ansvaret for å gjere det rette, arbeide hardt og ta kloke val er like stort i dag som før, sa Brandal og la til:

I dag skal vi minnast dei som har ofra seg for oss, feire og glede oss over det vi har, ta vare på kvarandre, knyte venskap og pleie eksisterande. I morgon og dagane deretter skal vi halde fram det viktige arbeidet.