Fleire gonger har Ulstein Storband hatt låtar frå bandet Chicago på repertoaret, men dei har aldri hatt ein heil konsert med dette materialet før. Men under Smak av Ulstein smeller dei til med ein heil konsert spekka av den beste musikken frå Chicago. Konserten har fått namnet «Chicago Nights».

– Kven av dykk er det som er Chicago-fan? Er det dirigenten?

– Alle er fan av dette, svarer dirigent Øyvind Granden Berg. Hans Kristian Velsvik nikkar. Han legg til at dei lenge har hatt lyst, men ikkje tora. Men no var det på tide.

Rockebandet Chicago vart starta i 1967 i Chicago, Illinois. Dei hadde ein jamn straum av hitlåtar gjennom 1970- og 1980-åra, og dei held framleis koken. Berre slått av Beach Boys blir Chicago rekna som USA sitt lengstlevande og mest suksessrike pop/rock-gruppe.

Krevjande å spele

– Dette er det vanskelegaste og mest utfordrande Ulstein Storband har hatt i mi tid som dirigent, meiner Berg.

Det er mykje med musikken som er utfordrande å spele. Det er toneartar, rytmikk, høgde og mykje blås.

– Det er ikkje fred å få, kommenterer Velsvik og Berg og legg til at dei må vere veldig konsentrerte når dei speler denne musikken, så dei blir veldig slitne etterpå.

Mykje å velje mellom

Dei seier seg sjølv at når eit band har halde det gåande i snart 50 år var det mykje å velje mellom. Men velje må ein. Dei har plukka ut ein del frå albumet Night & Day, men her er med musikk frå fleire periodar. Her skal vere noko for alle.

Henta vokalistar frå Volda

Ulstein Storband har fått med seg Knut Eilefsen og Guro Håvik som vokalistar. Mange hugsar nok Eilefsen frå han var med i The Voice i 2012. Då sa Magne Furuholmen at Eilefsen burde dra til Nashville for ei countrykarriere.

Voldatausa Håvik har vore korist for mellom anna Jan Eggum, Bjørn Eidsvåg og Ytre Suløen. Og for nokre år sidan gav ho ut eigen CD.

Dei to har arbeidd tett i lag tidlegare, og no blir dei altså å sjå og høyre i lag med Ulstein Storband på Sjøborg laurdag 11. mai.