Madcon har laga årets BlimE-musikkvideo. Med seg på laget har dei fått korps, skatarar og cheerleaderar. 11. november håpar dei at ein halv million barn blir med på dansen.

BlimE er ein antimobbekampanje som går ut på at barn over heile landet får høve til å lære seg ein song og ein dans som alle framfører samtidig på eit bestemt tidspunkt. Temaet for årets song er at ein er god nok som ein er.

– BlimE har fungert som ein folkeaksjon som skulane tek tak i. Vi lagar ein song og ein musikkvideo som skulane kan få og bruke gratis, seier Torgrim Grimstad, éin av to regissørar bak prosjektet, til NRK.

– I fjor fekk vi med 350.000 barn på BlimE-dansen, i år håpar vi på ein halv million, seier Grimstad, og legg til at årets BlimE-dag blir 11. november.

Tshawe Baqwa og Yosef Wolde-Mariam i gruppa Madcon er smigra over å få vere med i prosjektet.

– Heilt seriøst så synest eg det er spesielt å få vere med, heile denne kampanjen er fantastisk. No som eg har fått barn som etter kvart skal byrje på skulen er eg blitt personleg engasjert i antimobbekampanjar. BlimE er ein veldig fin ting, seier Madcon-Yosef til NRK.