I høve Opplev Hareid inviterer det nye ungdomsrådet i Hareid saman med Ungdomskafeen på Hareid og Bigset Kulturoase til open ungdomskafe fredag 1. juli. Kvelden vert for ungdom i alderen 13-18 år.

Det er i dei gamle lokala ved Hareid rådhus ungdommane no inviterer til open kafe. Her har ungdommane den siste veka gjort klart lokalet, og håper det vert ein kjekk kveld på fredag. Både biljardbord, anlegg og lerret er på plass igjen. I tillegg har dei fått med seg nokre vaksne som vil vere til stades på fredag.Ungdomskafeen har det siste året vore lokalisert ved Fantehuset Trudvang. No har leiar i styret på kafeen, Thea Gjerde Rise sendt brev til Hareid kommune, der dei ber om å få flytte tilbake til dei tidlegare lokala ved Hareid rådhus.

- Vi ser at vi treng å vere sentrumsnært, seier Thea Gjerde Rise, og håper politikarar og admininstrasjon vil finne rom til dei i dei tidlegare lokala igjen.

Styret i Ungdomskafeen er glade for at både Ungdomsrådet og Bigset Kulturoase sa ja til å samarbeide om denne kvelden, og håper ungdom kjem innom.

Bildetekst: