Hareid er ein stor kontrast til London. Rapparane fortel at dei er vande med murhus, travle folk og mykje bråk. Hareid har natur overalt og dei er sikre på at husa her er tatt ut av ei eventyrbok. Ein skulle tru at Hareid ville kjede to storbyvane artistar. Tvert imot. Hareid er visst akkurat det dei treng.

Både Kingpin og Shay D har vore interessert i musikk sidan dei var born. Dei høyrde på ulike typar musikk, men hiphop og rap var det som tiltrekte dei mest. Shay D var den einaste jenta som rappa saman med gutane i friminutta. Kingpin var den yngste i kompisgjengen, men var den med dei beste rima.

Høyr Shay D sin "The Who, What, Why" HER

Shay D vert motivert av utfordringar i samfunnet og eit ynskje om forandring. Ho rappar for å spreie håp. Alt som rører ved kjenslene hennar, stort eller smått, kan inspirere henne. Ho har alltid vore oppteken av å passe på andre og prøve å finne ei løysing for alle. Shay D fortel at ho og mora vart kasta ut då ho var ung. Då skreiv ho brev for å ordne opp.

Kingpin vert inspirert av individ som utfordrar normer og situasjonar i samfunnet. Nokre av idola er Muhammad Ali og Nelson Mandela. Han er i tillegg, som Shay D, inspirert av utfordringar og problem i samfunnet. Kingpin er oppteken av å formidle opplevingar og erfaringar.

Høyr Kingpin sin "Practice What I Preach" HER

Artistane kom til Hareid allereie måndag, og skal vere her ei veke. Kingpin seier at mange artistar kjem omtrent rett til konsertlokalet, opptrer, og reiser vidare. Dei er ikkje slik. Dei vil bli kjende med folket og området. Dei vil knytte kontakt mellom hiphop-miljøet i London og hiphop-miljøet på Hareid. Fyrste kvelden var det saman med fleire av dei frivillige ved Fantehuset og nokre av dei andre artistane som skal opptre på Fanterap. Praten gjekk utan stopp, sjølv om dei har vekse opp i forskjellige land, forskjellige miljø og snakka forskjellige språk. Dei hadde musikken og hiphopen til felles. Det vert nesten som eit fellesspråk – ein uttrykksmåte som er lik uansett bakgrunn.

Dei er fascinerte av naturen og miljøet her. Når dei fortel om ting dei har sett og inntrykket av Hareid glitrar det omtrent i auga deira. Husa med trepanel og stor hage står i stor kontrast til bygningane i London. Lufta er frisk og dei nyt stilla. Berre ferjeturen hit tykte dei var magisk. Ikkje minst tykte dei Overåsanden var utruleg vakker.

Artistane har ikkje faste planar for heile veka, men gler seg til å utforske meir. Dei skal kanskje fiske i fjorden og kanskje på fjelltur. Underteikna foreslo at dei i tillegg burde ete potetball.

Medan dei er her skal dei i tillegg filme nokre videoar. Dei har blant anna med seg ein som lagar dokumentar om reisa til Hareid.

Både Kingpin og Shay D gler seg til å opptre på Fanterap komande laurdag. Dei lovar bra beats og høg energi på scena. Dei vonar at alle kjem, og oppmodar folk til å ta med både venar og bestemødrer. Alle er velkomne og dei trur det blir ein bra konsert!