Laurdag var det full fres på Fantehuset på Hareid. Ei god blanding artistar skapte bra stemning under årets Fanterap.

Fyrst ut var Isak Wingsternes, Marte "URO" Urke Antonsen, Mia Årdal, og Kornelius Haddal Røssevoll som varma opp publikum.

Kontrollert Kaos gjekk på scena og framførte nye og gamle songar. Publikum var som forventa veldig gira. Dei filma i tillegg musikkvideo under konserten.

Shay D frå London var nok ukjent for mange før konserten, men verka til å gjere eit godt inntrykk på publikum med sine slåande tekster.

Siste artist ut var britiske Kingpin. Han leverte òg ein sterk konsert med gode beats og høg energi.

Sjekk biletekarusellen i toppen av artikkelen!