Ifølgje folketrua er perioden vi no er inne i avgjerande for korleis vêret skal bli framover.

Hundedagane er perioden mellom 23. juli og 23. august, og ifølgje folketrua vil starten av denne perioden seie noko om korleis vêret resten av månaden blir, skriv NRK.

I tillegg til vêrutsikter er den gamle folketrua òg mellom anna knytt til mat, der det er sagt at maten har lett for å rotne eller mugne i denne perioden.

Ifølgje statistikken kan det vere noko i denne gamle folketrua, meiner meteorolog John Smit. Meteorologen er meir enn gjennomsnittet interessert i slike gamle vêrteikn, skriv NRK.

På Austlandet er vart Hundedagane beskrive slik: «Går hundedagane inn med regn, blir det vått ein heil månad». I andre delar av landet er det hevda det motsette: inn med regn, ut med godvêr. Inn med godvêr, ut med uvêr.

Meteorolog John Smit seier til NRK at det ikkje er lett å bli klok på dette. Men meteorologen seier at det kan vere noko i overtrua om ein ser på statistikken. Han fortel at vêrlaget denne perioden har større sannsyn for å etablere seg og vare 2 til 4 veker enn andre tider av året.