Pilskog Overå Vel er ei aktiv velforening, der både oppgradering og vedlikehald av leikeplassen i Hjørungavåg står i fokus, i tillegg er velforeninga arrangør av fleire samankomstar i løpet av året. Velforeninga har fokus på born og unge i bygda, trivsel, sosialisering, inkludering og auka aktivitet.

Torsdag 18. august arrangerte Velforeninga den årlege sommarfesten på leikeplassen i bygda. Dette er tredje sommaren på rad velforeninga steller i stand fest for bygdefolket, også i år med knallsuksess! Nærare 300 gjestar møtte opp, og alle såg ut til å storkose seg. Det å skape nye bekjentskap, treffe naboen og nye innbyggjarar i bygda, kjenne kjensla av eit fellesskap og kose seg ilag, på tvers av generasjonar er det mange som set pris på. Hjørungavåg har mange nytilflyttarar, og slike arrangement som dette håper vi vil vere med på å bidra positivt til inkludering.

Klovnen Fix

I år hadde styret invitert «Klovnen Fix», som underholdt med både ballong- og trylleshow. Nærare 130 born fekk ballong etter eige ynskje, noko som var svært populært. Til tross for lang kø, venta alle borna tolmodig på tur. Borna var også svært imponert over tryllenummeret, korleis kan ein stor terning i ei boks forsvinne heilt utan vidare, var det mange som undra seg over.

Thaimat stod på menyen i år,. Heile 300 vårrullar og 120 grillspyd, store mengder ris og salat gjekk med på festen. I tillegg vart over 200 pølser med brød levert ut til borna. Serveringa er alltid gratis på våre arrangement, noko som bygdefolket veit å sete stor pris på. Organisasjonen «Frifond Barn og unge» har også i år gitt støtte til arrangementet, ein organisasjon som har som formål å auke aktiviteten i lokalmiljøet, der målgruppa er born og ungdom under 26 år.

Velforeninga hadde fått lånt ekstra bord og stolar, og heile 16 bord var pynta med blomar. Etter middagen koste gjestane seg med kaffi og kaker, og i tillegg fekk alle borna kvar sin ispinne. Tusen takk til vår gode støttespelar gjennom fleire år.

Store mengder kaker, gelè, kjeks, iskaker, saft og kaffi forsvann frå kakebordet.

Loddsal

Det var også loddsalg på festen med fantastiske flotte premiar frå lokale verksemder. Velforeninga set svært stor pris på alle bidraga. Pengane som kom inn på loddsalget går uavkorta til vedlikehald og oppgradering av leikeplassen.

Vinnarane vart trekt etter festen og vart publisert på vår facebookgruppe, og vil få levert premien på døra. Tusen takk til både sponsorar og bygdefoket som støtta oss!

Det siste året har styret jobba med finansiering av to nye investeringar til leikeplassen,  ein del pengar gjenstår før draumane kan realiserast. Ny sandkasse og diverse vedlikehald har det likevel blitt også denne sesongen. I tillegg fekk vi ferdigstilt sandvolleyballbana med eu-godkjent sand, frakta heilt frå Danmark i fjor haust. Bana har vorte flittig brukt i sommar, til stor glede for mange, og området framstår no som eit praktanlegg. Styret er stolt over alt vi har fått til etter utallege dugnadstimar og leikeplassen vert no flittig nytta, til glede for både store og små.

– Etter utallege positive tilbakemeldingar etter arrangementet, gir dette styret motivasjon og iver til å arrangere fleire festar for bygdefolket i framtida, seier leiar Ragnhild Nedrelid.