Karina Grimstad Brandal har budd i København dei siste seks åra, men er fødd og oppvaksen i Brandal. Då ho flytta til Danmark syntest ho det var kjekt å prøve ting som ho ikkje hadde hatt så store moglegheiter for heime på Sunnmøre, så ho starta med å vere statist. Først var ho statist i små reklamefilmar, seinare vart det TV-seriar og spelefilmar.

– Ikkje for at eg hadde ambisjonar om å bli skodespelar eller liknande, men eg synest det var interessant å sjå korleis innspelingar foregår «bak kamera». Og i tillegg var det ein god måte å møte nye menneske på, det er nemleg ekstremt mykje ventetid på filmsett, og dermed rikeleg med tid til å snakke med både statistar og skodespelarar, fortel Brandal.

Ho har mellom anna vore med i filmane «Kvinnen i buret» og Fasandreperne» og TV-seriane «Arvingane», «Broen 3» og «Bedrag».

Eit lite stykke Noreg i Danmark

Brandal hadde eigenleg bestemt meg for å slutte, men då eit av castingbyråa ho hadde jobba for tilbydde henne å vere med i ein norsk film kunne ho ikkje takke nei.

I dag er det den russiske ambassaden som held til der den tyske ambassaden heldt til under andre verdskrigen. Russarane var ikkje interesserte i å låne vekk ambassaden sin til filmspeling, så det vart bygt opp nye kulissar til å filme, og dette vart gjort i Danmark.

Dei fleste i filmcrewet var norske, men skodespelarane kom frå Austerrike, og dei fleste statistane var danske. Til trass for det var det ikkje noko problem å innbille seg at det heile gjekk føre seg i Oslo, fortel Brandal. Over alt var det norske rekvisittar. – Dei hadde absolutt klart å skape eit lite stykke Noreg i ein nedlagt flystasjon utanfor Danmark, kommenterer ho.

Spelte kontortilsett

I fire dagar fekk Brandal gå rundt i kulissane, med tidsriktig kostyme og frisyre og spele ein av dei tilsette ved den tyske ambassaden. I ei scene serverer ho kaffi til oberstløytnant Pohlmann, og i resten av scenane beveger ho seg rundt om i kontorlandskapet saman med den andre statistane.

– Eg fekk ny respekt for dei som opplevde krigen. Eg fekk frysningar og gåsehud fleire gonger under innspelinga, til dømes då me høyrde Quisling sin tale på radioen og når soldatane kom marsjerande inn i SS-uniformer. Eg var faktisk litt redd han som spelte oberstløytnant Pohlmann når han gjekk rundt i kostyme, seier Brandal. Sjølv om ho hadde ei lita rolle, vart det ei heilt spesiell oppleving å spele i ein historisk film frå heimlandet.