Dei flinke jentene i LaKris, under leiing av Kari Aske Osnes inviterte måndag til familiekonsert i Hareidhallen. Der hadde songgruppa fått med seg Hareid mini- og barnekantori, Fifaliana og Spirit til å ta del i konserten.

Hans Otto Øvrelid frå styret i Hareidsstemna sa det fint då han takka for konserten:

- Det var ein kjempefin konsert med både meining og bodskap. Det er veldig kjekt å sjå at det er godt håp for både korsong og anna song og musikk i åra framover, sa Øvrelid. Han la også til at det er eit poeng for Hareidsstemna å sleppe til ungdomen i løpet av stemneveka.

Og ungdomen leverte, både åleine og saman med gjestekora, og saman skapte dei ein fin måndagskveld i Hareidhallen.

Les meir om konserten i torsdagsavisa. I toppen av saka kan du sjå ein bileteserie frå konserten.