Fredagskvelden er det Anita Skorgan med band sin tur til å fylle Hareidhallen.

– Kva slags konsert blir det?

– Det er alltid så vanskeleg å beskrive sjølv, men publikummet mitt er gjerne over 45 år. Mi erfaring er at dei set pris på at konserten min er på norsk og at dei får med seg tekstane, svarer Anita Skorgan til Vikebladet Vestposten.

Det vaksne publikummet likar songar med livserfaring og poesi, som er lett tilgjengeleg.

– Eg vil syngje mange fine tekstar, dei fleste av Terje Nordby som eg meiner er den beste låtskrivaren. Det blir også ein del songar av Ole Paus, røper Skorgan.

Lang artistkarriere

Anita Skorgan gav ut sitt første album i 1975, Til en venn. Sidan den gongen har det blitt tjue til saman. Ho har også bidrege godt til Melodi Grand Prix, der ho har vore med både som songar, korist og låtskrivar.

Dei siste åra har me kunne sett henne på TV-skjermen i Stjernekamp og Hver gang vi møtest.

Latter og tårar

På konserten i Hareidhallen vil Anita Skorgan syngje songar frå heile livet sitt, men hovudsakleg sitt vaksne liv.

– Eg har jo eit veldig variert liv. Det blir spegla i låtvalet, frå alvor til tull og tøys, utbryt ho.

Den kjende songaren og pianisten fortel at ho likar å snakke ein del mellom songane. Det brukar bli ein del latter på konsertane hennar.

– Og nokre gret, fortel ho.

Desse konsertane der Anita Skorgan rører publikum er til stor glede for henne.

Allsong til slutt

Skorgan likar å avslutte konsertane sine med nokre få utvalde herlege slagerar, som står i kontrast til visene som er av djupare karakter.

– Blir det høve til å ønskje seg songar?

– Nei, det brukar å vere slik at publikum får bestemme kva eg skal syngje, men eg tar nokre alle kjenner, så syng me i lag. Det er ein fin måte å runde av på.

Før jul skal Skorgan reise rundt på juleturne med Rein Alexander. Det gler ho seg stort til. Tysdag 20. desember er dei i Ålesund.