- Det er akkurat slik eg hugsar skulen, men samstundes er den heilt forandra, seier Grimstad, og peikar opp mot klasseroma han hadde då han var i 5. og 6. klasse.

- Vi kom gåande opp hit, berande på pultane, og inntok skulen, seier Torgrim.

For Torgrim og hans klassekameratar var nokre av dei første elevane ved det som den gongen var ein splitter ny barneskule.

- Då eg byrja har gjekk eg i 5. klasse. Så hugsar eg også godt vinteren 1982, i 6. klasse, då Odd Brandal og Hans Otto Rise hadde ein heil dag inne med oss, der vi såg på ski-VM. Det spesielle var at det var då Oddvar Brå brakk staven. Så eg kan faktisk seie at eg sat i sjetteklasserommet på Bigset skule og såg ski-VM då Oddvar Brå brakk staven, seier Grimstad og flirer.

- Oppførte meg

Han fortel om ein god og trygg oppvekst, og eit fint skulemiljø på Bigset skule.

- Det sit framleis godt planta i hjernebarken, seier Grimstad og peikar mot gymsalen.

- Og der oppe hadde eg musikk med ho Torild (Sæter). Men eg kan ikkje seie at eg hugsar kvar kontoret til rektor var, og det må vel borge for at eg oppførte meg nokonlunde bra, seier Grimstad og legg til:

- Og så var mamma, Liv Berg Grimstad, lærar ved skulen. Eg trur ikkje eg hadde ho som lærarinne, og det var nok til det beste.

Han hugsar også at snop var populært, og då stod det mellom to tilbydarar i nærområdet.

- Det var anten med han Klungsøyr (Karl Klungsøyr) eller med ho Sigrid (Riise). Det var alt ettersom, kven ein heldt med. Eg var nok ein Sigrid-kunde, seier Grimstad.

NRK Super sidan 2008

For mange som kjenner Torgrim har han alltid vore ein kreativ og blid kar. I 2008 byrja han å jobbe som kameramann for NRK Super, og har sidan vore med på mykje i regi av barnesatsinga til statskanalen. Det massivt populære BlimE-konseptet er "babyen" hans, og han har vore med og arrangert det sidan konseptet blei til. Også i år er han altså i full sving med innspeling til det som blir årets BlimE-dans, og i år han han sjølvaste Madcon med på laget.

- Første året med BlimE-dansen, i 2012, var Marcus og Martinus med på opplegget. Sidan har det blitt mykje meir gøy, og eg stortrivst med denne jobben, seier Torgrim Grimstad.