Oddbjørg Vartdal og Gerd Fjellanger, også kalla Fruene frå havet, har sendt brev til Ulstein formannskap og rådmannen. Dei viser til at dei har arrangert handverksmesse på Flø siste seks åra. Denne messa har vore fast siste helga i november, skriv dei. Dei har fått ry på seg for å ha gode utstillarar og god kvalitet.

Vidare skriv dei at det alltid har vore avtale mellom Bigset, Brandal og Flø om at messene ikkje kolliderer. Julemesse på Flø vart flytta frå sundag til laurdag for å ikkje kollidere med julegrantenning og kyrkja i Ulsteinvik.

Vartdal og Fjellanger likar dårleg at julemarknaden i Ulsteinvik vart arrangert siste helga i november. I fjor kolliderte arrangementa. I år arrangerte dei ikkje messe på Flø, på grunn av uvissa over framtida til skulen, visste dei ikkje om dei hadde lokale. Dei skriv at dei ikkje har noko i mot at det er marknad i Ulsteinvik, men likar ikkje at det er handverksmesse der same helg som deil vil arrangere på Flø. Det bør på problem både for utstillarar og messearrangørane.

Dei undrar seg også over at kommunen støtta julemarknaden i Ulsteinvik med 20 000 kroner, lån av telt og kommunale tenester.

Når dei arrangerer messe på Flø ordnar dei sjølve med lokale, betaler leige til Vonheim og skule. Og etter messa ryddar og vaskar dei.

No håpar dei at dei får like god kommunal hjelp neste år.

Brevet blir lagt fram til orientering til Ulstein formannskap i morgon ettermiddag.