Å vere til stades på den årlege Julenattineen i Ulstein kyrkje er som å få opne ei skattekiste. Det blenkjer og glitrar i mange fargar, noko er kjent, noko er nytt og noko er kjent og nytt på ein gong.

– Vi nyttar ein kjent formel, men har nokre nye solistar og nokre nye musikarar og kanskje nokre nye tankar?

Øyvin Sønnesyn ønskte velkomen og oppmoda tilhøyrarane til å vere til stades – og ikkje der dei hadde vore før på dagen.

– Håper de finn noko de kan ta med heim, helste han, etter å ha framført ein velkomstsong.

Både songsolistar og orkester heldt som vanleg høgt nivå. Arrangørane hadde i år fått med to strykarar, Sveinung Hatløy Sætre og Joachim Orseth, som saman med trompetist Pål André Grimstad Worren på trompet og Runa Husøy på saksofon, sette ein ekstra spiss på det heile.

Det eine høgdepunktet avløyste det heile i ein konsert som gjekk så altfor fort.

Monica Goksøyr si fyldige røyst sytte for retteleg gospelstemning, medan Trude Håkonsholm framførte ein vàr og enkel, men like fullt effektfull versjon av folketonen «I denne søte juletid».

Trygve Hoff sin vakre «Nordnorsk julesalme» høver like godt for oss som bur litt lenger sør, nøkternt og reint framført av Ann Lisbeth Giske Flem.

Nøkternt er vel ikkje eit dekkande ord for Håvard Fylsvik sin forrykande jazzversjon av den gamle slitaren «Silent night».

Marte Urke Antonsen har kome heim til jul, og framførte Maria Menas «Home for Christmas» vel så flott og truverdig som originalen.

Publikum fekk også ei klassisk perle, der strykeduoen i samspel med Ståle Helvig på kyrkjeorgel framførte Telemann sin bratsjkonsert i G.

Vår nye kapellan, Jørgen Skogestad Kleiven, fekk også synt at stemma hans duger til meir enn å framføre gudstenestelitaniet. «Viskar en bön» handlar om dei som lengtar og som har mista håpet.

Karina Pieroth er, trass sine vel 20 år, ein av veteranane i nattiné-samanheng. Ho framførte «Grown-up Christmas list».

Ei anna som har vore med på nattiné tidlegare er Rak Marie Hatløy Sætre. «Det hev ei rose sprunge» er ein vakker julesong, men det arrangementet og den framføringa Rak Marie gav publikum var berre heilt magisk.

«Mary did you know» er også ein julesong som mange set pris på og som vi fekk høyre, framført av ei korgruppe som var sett saman av nattiné-solistane.

Rolf Magne Tømte si særeigne stemme høvde heilt perfekt til «Some day at Christmas» og orkesteret fekk verkeleg synt kva dei var gode for i «Et barn er født i Betlehem».

Det er alltid ei glede å høyre Oddlaug Grimstad Arnesen synge, og i år framførte ho Carolas «I denne natt bli vârlden ny». Deretter var det tid for å røyve litt på rockefoten, Ståle Dimmen hadde tatt turen heim til heimbygda og gledde dei nattinégjestene med «Oh, come all ye faithful.»

Oline Sæverud Aksnes framførte med stor utstråling og intensitet «Christi naaderiige fødsel», ein tekst av sjølvaste Petter Dass, men i eit nytt og spennande arrangement.

Ann Cecilie Skundberg og Rolf Tømte sette eit flott punktum med sin duettverson av «Agnus Dei, før heile kyrkja stemde i med «Deilig er jorden» som har vore «same procedure every year» i nær sagt uminnelege tider.

I tillegg til dei som ikkje er nemnde elles i artikkelen, bestod orkesteret av Kåre Skare Lystad på gitar, Ivar Thormodsæter på perkusjon og Jan Thomodsæther på bass.