(NPK-NTB Tema): – Jula er den mest tradisjonsbundne høgtida vi har. Men tradisjonane er heile tida i endring, seier konservator ved Norsk Folkemuseum, Geir Thomas Risåsen.Museet viser i desember ei utstilling om juletradisjonar heilt frå heidensk tid og fram til i dag.

– Det som har blitt ståande gjennom tusen år med julefeiring, er jula som den store midtvintersfesten, med jobbing i forkant, og fritid, kos og sosialt samvær i etterkant, seier han.Den mest påfallande endringa i julefeiring i nyare tid meiner han er korleis feiringa startar stadig tidlegare og sluttar stadig før.– Tidlegare var det strenge rammer for når julefeiringa starta og slutta. Adventstida var ei tid for førebuingar, og høgtida starta ikkje før jula vart ringt inn på julaftan. No er det julebord, julemat og julemarsipan heilt frå tidleg i november. Faren er at ein blir lei av jula før ho eigentleg er i gang, seier han. Og nemner treet som eit konkret eksempel på korleis jula har flytta seg.– Då eg var barn, vart treet pynta vesle julaftan eller julaftan, og ein lét det stå til 13. eller 20. dag jul. No har enkelte treet ståande heile adventstida, og tar det ned allereie i romjula.

Mindre song

Mange av dagens juletradisjonar er forholdsvis nye. Blant anna vart ikkje juletreet vanleg hos folk flest før litt inn på 1900-talet, og peparkakene vart julekake nummer éin først i etterkrigstida. No er nokre av desse «nye» tradisjonane i tilbakegang.

– Det er blitt mindre vanleg å gå rundt juletreet. Og treet kan til og med vere i plast. Då eg var barn var det alltid i gran og pynta med korger med julegodteri, fortel folkeminneforskar og forfattar av boka «Jul i Norge», Ørnulf Hodne.Ifølgje ei undersøking utført av Norstat for NRK i 2013, har 98 prosent av oss eit tre i stova, men berre 30 prosent av oss går rundt det.– Årsakene til at vi ikkje går rundt treet er nok fleire. Plassmangel kan vere ei av dei. Men det handlar nok også om at færre har eit piano i stova til å spele på, og at mange rett og slett ikkje kan julesongane lenger, seier Hodne.Generelt ser det ut til at vi er blitt mindre aktive i juleselskapa.– Tidlegare var det vanleg med ulike selskapsleikar når familien var samla i jula. Det kunne vere songleikar som «Bro, bro, brille», «Reven rasker over isen» og «Rits, ratsj filibom-bom-bom», narreleikar, gåtegjetting eller styrkeprøver som fingerkrok, seier han.Også bakeaktiviteten har minka. Ifølgje ei undersøking gjennomført av Norstat i fjor, bur 31 prosent av oss i husstandar der det ikkje vert bakt til jul. Ti år tidlegare var talet 22 prosent.

Lystenning

Også når ein går i kyrkja har endra seg.

– Før var 1. juledag den store kyrkjedagen. No er det på julaftan folk strøymer til kyrkja, seier Hodne, og nemner ein nyare skikk som har komme til, nemleg å tenne lys på kyrkjegarden på julaftan.– Dette er opphavleg ein katolsk skikk, som kom til Noreg på 1930-talet. Men han vart ikkje tatt godt imot av alle. På 1950-talet bestemte kyrkjene i Oslo seg for å stengje fleire kyrkjegardar for å unngå at folk kom inn med lysa sine. I dag er lystenninga veldig vanleg, seier han.Ein romjulstradisjon som er på veg ut, er å gå julebukk.– Denne tradisjonen har røter langt tilbake, og har vore vanleg i ulike variantar. Opphavleg var det vaksne som kledde seg ut og gjekk frå dør til dør og spelte og song i byte mot mat og dram. I dag er det gjerne barn som syng ved dørene i byte mot julegodt. Men å gå julebukk blir stadig mindre vanleg, seier han.

Ekte julestemning

I jula jaktar ein gjerne på den rette julestemninga. Og kva den er, endrar seg frå generasjon til generasjon.– I dag synest mange filmen «Tre nøtter til Askepott» er viktig for å sette stemninga julaftan formiddag. Den var jo ikkje aktuell for nokre generasjonar sidan, seier Risåsen.Han meiner tidlegare generasjonar også har hatt eit nærmare forhold til saks og papir.– Barn lager julepynt i dag også, men å flette julekorger blir ikkje gjort i same omfang som då eg var barn, seier han, og meiner julepynten har blitt meir minimalistisk og mindre heimelaga.– Moten set i større grad preg på julepynten. Før gjekk det i grønt og raudt, no kan det vere svarte julekuler som gjeld det eine året, og grå det neste, seier han.Juletekstilane er også på veg ut – for nokre tiår sidan hadde ein gjerne både julegardiner, juledukar og broderte veggbilete, gryteklutar og kjøkkenhandkle.Er gåvene det viktigaste for deg, er det derimot ingen grunn til bekymring.– Tradisjonen med å gi gåver har ikkje hatt nokon tilbakegang, snarare tvert imot, seier Hodne.

Folketrua som forsvann

Sjølv om jula vart ei kristen feiring då kristendommen kom til Noreg, levde folketrua og dei mange julerituala vidare til langt inn på 1800-talet. I dag er dei fleste gløymde.

– Svært mange gamle juleskikkar forsvann med folketrua på midten av 1800-talet, fortel folkeminneforskar Ørnulf Hodne.– Mange av rituala handla om å verne seg mot overnaturlege vesen. Blant anna la ein eit kors av vedpinnar på hoggestabben og korsa alle dører i husa med tjære eller liknande for å verne mot vonde vettar. Det var også vanleg å skyte jula inn: Ein gjekk ut på tunet og skaut med børsa, både for å markere starten på jula og for å skremme vekk vonde makter, seier han.For å verne seg var det også vanleg å sitje oppe med tente lys heile julenatta. Julenatta gav dessutan ei moglegheit for å sjå inn i framtida.– Ved å følgje visse ritual kunne ein finne ut alt frå kven ein skulle gifte seg med til kven som kom til å gå bort før neste jul, fortel han.Enkelte spor frå folketrua kan derimot sjåast i dagens julefeiring:– Tradisjonen med å setje ut graut til nissen byggjer på ei gammal tru om at nissen var eit levande vesen som trengde eit offer for å blidgjerast, seier Hodne.

Over 30 prosent av oss bur i ein husstand der det ikjkje vert bakt til jul. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
<strong>1 -TRADISJONSPYNT:</strong> I 1970 var det heimefletta korger og norske flagg som gjaldt då denne jenta pynta treet. I dag vel fleire ein meir moderne stil på juletreet. (Foto: Erik Thorberg / NTB scanpix)2 -NY TRADISJON: I dag set «Tre nøtter til Askepott» den rette julestemninga for mange. (Foto: NRK)3 -JULESONG: Berre eit mindretal går rundt juletreet. Kanskje er slike motiv på veg inn i historiebøkene? (Foto: Sverre A. Børretzen / NTB scanpix)4 - SJU SLAG: Over 30 prosent av oss bur i ein husstand der det ikkje vert bakt til jul. (Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix)
Berre eit mindretal går rundt juletreet. Kanskje er slike bilde på veg in i i historiebøkene? Foto: Sverre A. Børretzen / NTB scanpix