Sunnmøre Folkehøgskule har lang tradisjon for å setje opp ein storslått musikal i året. Denne gongen er det Happy Feet som blir vist fram for alle som vil sjå.

Filmen handlar om pingvinen Mumle som ikkje passar inn i flokken. Dei andre keisarpingvinane har vanskeleg for å godtta Mumle. Han kan ikkje syngje, men berre steppar.

Framsyninga tar også opp problem med forsøplinga av havar. Og sjølvsagt er det også plass til litt romantikk.

Vikebladet Vestposten fekk vere med på ei framsyning på dagtid i dag, torsdag, der barnehageborn og skuleelevar var publikum.

Førstkomande laurdag kan den som vil kome å sjå framsyninga på Sjøborg.