Søndag 12. februar inviterer Sjøborg kulturhus til familieframsyninga "Maja og Raria Rusk - den forsvunne tannbørsta"

Her møter vi Maja som må overnatte hos mormor, noko ho ikkje har lyst til. Mamma og pappa skal på Danskebåten, og dei seier at det ikkje er nokon stad for born.

Mormor vil jo berre høyre på radio og ete kringler, og det er så kjedelig! I protest kastar Maja tannbørsta si opp på loftet til mormor, og då ho blir sendt opp for å hente den, oppdagar ho noko som er mykje meir spennande der oppe.

Raria Rusk er eit merkeleg vesen som påstår at ho bur oppe på loftet mellom skuffer, esker og spindelvev. Ho elskar å synge og danse, og med kråkestup og speloppar dreg dei to jentene på oppdagingsferd, på jakt etter den forsvunne tannbørsten.

Familieframsyninga, som høver for personar frå tre år og oppover, er spekka av song, dans og leik

"Den er eksplosiv av fart og energi. Borna får synge med på fleire av songane som dei får lære undervegs, dei får vere med i samtalar og problemløysing og når alle har blitt ordentlig varme i trøya, får alle saman vere med og danse med Raria Rusk og Maja." heiter det i omtalen.