Førstkomande søndag gjer Grimstadkoret noko dei aldri har prøvd før, nemleg å invitere til korkafe. Dei har og fått med seg Vox Virorum som gjestekor. Begge kora skal ha sine eigne avdelingar, og sanneleg blir det ikkje eit par fellesnummer og - det kan bli ei magisk mannskoroppleving!

Arrangementet er det første i Grimstadkoret sitt 75-årsjubileum. Koret var i glansdagane eitt av dei fremste mannskora i Norge, og har bak seg fleire radio- og TV-program, konsertar, plateinnspelingar og ei lang rekke tilstellingar over heile landet. For 75 år sidan var det nokre ungdomar framme på Grimstad, med Johan H. i spissen, som starta opp koret. Ein av desse, Magne, er faktisk framleis med som aktiv songar! Men no er det på gong ei uungåeleg nyrekruttering av songarar. Seinast i år har to nye kome til.

Koret har lagt opp eit ambisiøst program i jubileumsåret, mellom anna med konsertar både i Volda kyrkje og i den nye Nordlyskatedralen i Alta.

På programmet komande søndagskveld, er og kåseri ved Arne Ola Grimstad. Han er pensjonert lærar, skribent, sauebonde og alt muleg mann. Opphaveleg kjem han frå Hareid, men har budd og jobba i Ørsta mest heile sitt vaksne liv. «Frå min barndoms dal», har han sett som tittel på kåseriet sitt.

Det er gratis inngang til arrangementet, og sjølvsagt er det aldri korkafe utan kaker, kaffi og loddsal. Folk kan forsyne seg frå eit rikhaldig kakebord , og som betaling legg kvar att det som høver seg i ei skål på kakebordet. I kaffipausen vil karane gå rundt og selje lodd på mange fine gevinstar.

Både Grimstadkoret og Vox virorum toppar repertoaret sitt denne kvelden. Dei har begge ei profan og ei religiøs avdeling. Dermed skulle programmet vere noko for ein kvar smak.

Her kan vi garantere mannskorsong i særklasse. Arrangørane vonar på fullt hus denne ettermiddagen og ynskjer hjarteleg velkomen.