Boka «Bystrikk» er den mest selde boka i Norge hittil i år. Førsteopplaget vart rive vekk på kort tid, og no er tredje opplag ute i handelen. Hittil er det selt 150000 eksemplar av boka.

Forfattaren er Ingunn Myklebust frå Ålesund. Men då ho entra butikklokalet til Trådkråa på Hareid, var det i visse om at ho kom til sine eigne – i alle fall mange av dei. Mor til Ingunn er Kirsti (f. Røren) frå Brandal. Besteforeldra på morssida var Ingolf og Marie Røren. Og om ikkje det er nok, så er ho trulova med Per Johan Brekke frå Hareid.

Men tilbake til strikkinga.Kvinnene som hadde møtt opp på strikkekafeen var komne for å få tips om strikking. Nokre av modellane som Ingunn har laga, og som er gjeve att i boka, har blitt svært populære. Blant anna har koftemodellen «Grete» i knallorange blitt så populær at det ikkje er eit oransje alpakkanøste å oppdrive i Norge.

Ingunn kunne fortelje at ho byrja å strikke alt i 6-årsalderen.

– Eg kjem frå ein familie der kvinnene har strikka til alle tider. Først strikka eg til katten og dokkene, frå 12-årsalderen byrja eg å montere genserar og som 14-åring strikka eg min første «Marius»-genser, kunne ho fortelje.

Ingunn påstår at ho strikka seg gjennom heile ungdomsskulen – noko ho håper skuleelevane gjer framleis.

Strikkeopphald

Men livet går ikkje alltid heilt på skjener. Etter at ho fekk tvillingar vart det eit strikkeopphald.

– Eg synest eg hadde det kjempetravelt, og orka ikkje å strikke. Det vart derfor nokre års pause på meg. I ettertid ser eg at eg burde ha sett meg rett ned og strikka. Latt humla suse litt og slappa av med eit strikk, medgir ho.

Det var ei venninne som fekk henne i gang med strikking igjen. – Eg la huer eg hadde strikka ut på Facebook, og det var mange som ville kjøpe. Andre ville ha strikkeoppskrift, og eg vart sitjande og maile.Kort fortalt, med hjelp frå ein av sønene oppretta Ingunn nettbutikk, der ho blant anna selde oppskrifter. Deretter vart det Instagram, og etter påtrykk frå sonen bok.

– Plagga eg designar skal ikkje vere kompliserte å strikke. Alle skal kunne lage dei. Det finst altfor mange vanskelege oppskrifter, slår ho fast.

Ein skatt i Brandal

For nokre år sidan dukka alle oppskriftene til mormor Marie opp i ei kasse i løa. Ingunn fekk dei, og saman med tvillingsøstera Marie, som også er strikkeglad, gjekk dei i gang med å lage mønster som er inspirert av kofter og genserar frå 1950-talet.

– Men det er ikkje kopiar. Vi vil lage originale varer, helst i litt rare fargekombinasjonar.

I boka er det oppskrift blant anna på «Gudrun»-kofta, «Grete»-genseren og «Ishavsgensaren».

- Eg måtte lage ein genser som er inspirert av alle dei tøffe ishavsfolka eg slektar etter, forklarer ho.Alle oppskriftene er naturmateriale som alpakka og ull.

Alle modellane i boka er frå Ålesund, og fotograferte i Ålesund sentrum.

Sigrid Jønsson, innehavar av TrådKråa, er storleg nøgd med oppmøtet, og ho kan rapportere om stadig aukande interesse for strikking.

– Eg trudde toppen var nådd for nokre år sidan. Men det har berre auka på. Og strikkarane blir stadig yngre, så dette er kjekt, smiler ho.