Det er ikkje berre, berre å ta gode bilete. Først må ein kunne å stille inn kameraet, for å oppnå best mogleg resultat. Foto: Fotoklubben Fotodilla.

- Det var ein livlig gjeng. Bell ungdomsklubb var invitert og kunne fortelje at dei meinte dette var lærerikt, skriv Fotoklubben Fotodilla til Vikebladet Vestposten.

Fotodilla fortel samstundes at dei ønskjer å satse på ungdom framover og vil invitere ungdomsklubbane til å delta på fleire kurs og møter framover.

Deltakarane fekk grundig og kyndig opplæring i kamerabruk, og dessutan servert heimelaga gulrotkake, kunne kurshaldar fortelje.