Det blir full sal og 23 sceneinnslag under Ungdommens Kulturmønstring for Ulstein og Hareid på Sjøborg kulturhus laurdag kveld. I tillegg kan ein både før, under og etter showet sjå dei kunstnarlege bidraga frå i alt 14 kunstnarar, i gangen like utanfor kulturhuset.

Laurdag formiddag og tidleg ettermiddag var det lydprøver, og ein av dei som skulle i elden for å fininstille både stemme og dansesteg var Jakoba Solvang (12) frå Ulsteinvik.

- Eg likar veldig godt å synge, og har gjort det sidan eg var veldig lita, fortel Jakoba til Vikebladet Vestposten og legg til:

- Eg byrja i kor i førsteklasse, men slutta då eg byrja i fjerde. Då byrja eg i staden å ta songtimar. Eg merka at eg blei meir og meir glad i å synge, og blei etter kvart med i ei gruppe som heiter Lakris. Vi spelte inn CD saman, noko som var veldig gøy.

UKM-debut

Og no får altså Jakoba debuten sin på scena i UKM-samanheng.

- Eg gler meg veldig, men eg er samstundes litt nervøs. Dette er noko eg har hatt veldig lyst til veldig lenge. Det er mange frå klassen min som har meldt seg på, så då var det veldig kjekt for meg også å få vere med, seier Jakoba Solvang.

Ho skal framføre David Guetta-slageren "Titanium" for publikum, og ser fram til det.

- Det er ein utfordrande sang, men eg syng den på min måte. Dette blir moro! seier Jakoba.

Mykje arbeid

Det er mange flinke folk som står bak UKM Ulstein og Hareid, og utan dei hadde det ikkje blitt arrangement laurdag kveld. Blant dei som bidreg mykje i kulissane er riggansvarleg William Seljeseth, Steffen Anderson (rigg), Tobias Vedeld Solvang (rigg), artistvert Martin Fiskaa og artisvert og alt-mogleg-dame Aurora Dimmen Bratli.

- Det er mykje arbeid i forkant, gjort av Aurora, Marie Flatin og Annika Brandal med fleire, men det er klart, det er nok å hengje fingrane i også under sjølve arrangementet, fortel Martin Fiskaa, som skal ta seg av artistane backstage.

- Vi har verken vore med som deltakarar eller gjort dette spesielt mykje før, men vi ønskjer å bidra, og trur vi vil få det veldig kjekt, seier rigg-gutta William Seljeseth, Steffen Anderson og Tobias Vedeld Solvang.

Dette er nokre av dei som jobbar hardt i kulissane for at deltakarane skal få det best mogleg. Frå venstre ser ein riggansvarleg William Seljeseth, Steffen Anderson (rigg), Tobias Vedeld Solvang (rigg), artistvert Martin Fiskaa og artisvert og alt-mogleg-dame Aurora Dimmen Bratli. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.