Jorun Emilie Waage (88) var 12 år då andre verdskrigen braut ut 9. april 1940. I dag bur ho i Ulsteinvik, men då tyske soldatar tok over landet budde ho på Lindøya rett utanfor Oslo sentrum. Og sjølv om det snart er 80 år sidan, vart forteljinga om krigsopplevingane til 12 år gamle Jorun likevel høgst levande under lanseringa av boka "Brevet frå krigen" torsdag.

I ein sal inne på museet på Akershus festning fekk ei 7. klasse frå Kampen skole i Oslo høyre Jorun fortelje med eigne ord om alt frå å søke tilflukt under flyalarm, til hemmelege aviser og jødedeportasjon. Forfattar Ingunn Røyset har samla historiene frå krigsoppveksten til Jorun mellom to permar, og etter to års arbeid er boka no gitt ut på Samlaget.

– Sterkt å lese

– Eg er veldig glad for at boka er her. Eg trur det er viktig å vise fram korleis det var under krigen og kor viktig det er å bevare fridomen vi no har, seier Jorun Emilie Waage etter lanseringa.

Med seg i salen hadde ho eit fyldig støtteapparat, nærmare 30 familiemedlemmer hadde teke turen for å få med seg lanseringa, både barn, barnebarn og oldebarn.

– Vi har jo vakse opp med historia hennar, men det er likevel veldig sterkt å lese om det ho fortel, seier dottera Siri Waage Pilskog som var blant dei frammøtte.

– Eg trur opplevingane hennar er viktige å få formidla til nye generasjonar, spesielt no som krigen blir fjernare og fjernare. Vi er derfor veldig takknemlege for det arbeidet forfattar Ingunn Røyset har gjort, seier ho.

Forteljande fakta

"Brevet frå krigen" tek lesaren med på ei reise frå starten til slutten av krigen. Opplevingane til Jorun får følgje av faktarammer om alt frå Blücher til Kompani Linge.

– Dette er krigen sett med auga til ei 12 år gammal jente. Eg føler at eg gjennom barndomsopplevingane til Jorun har kunne skildra veldig mykje av det som skjedde under andre verdskrigen, seier forfattar Ingunn Røyset.

Skuleklassa som fekk vere med på lanseringa torsdag, har fått eit klassesett av boka og brukt henne i undervisninga. Det hadde tydelegvis fenga, for då tida kom for spørsmålsrunde, fauk hendene i vêret. Jorun måtte svare på alt frå korleis det hadde gått med hunden hennar til kva dei hadde å ete. På spørsmålet om kva som hadde gjort mest inntrykk på henne under krigen, kom svaret kjapt:

– Okkupasjonen 9. april og då eg så Donau segle av garde med jødane.

Les meir i papiravisa laurdag.