Eva Worren Chambers er på god veg til ein plass i finalen i solsenterkjeda Brun og Blid sin modellkonkurranse.

– Eg vann månadsfinalen for mars og dermed sikra ein plass i semifinalen, fortel Eva på telefon frå solfylte Dubai.

No er ho oppteken av at vener og kjentfolk heime på Sunnmøre skal vere med på å stemme henne fram til finaleplass.

– Avstemminga skjer via SMS frå natt til første mai og fram til og med tredje mai, fortel semifinalisten som viser til solsenteret sine nettsider for nærare info.

Nærmar seg førti

Ho trur at ho skal ha gode sjansar til å vinne.

– For meg er det viktig å vere meg sjølv, ha sjølvtillit og vere godt førebudd. Eg er snart førti år, men for meg er alder berre eit tal. Eg ønskjer å vere eit førebilete for jenter i alle aldrar ved å vise at du kan sjå bra ut på ein naturleg måte ved hjelp av trening og ein sunn livsstil. Det er viktig å ta vare på seg sjølv, særleg når du vert eldre. Du har berre eitt liv, seier ho.

Det er ikkje første gongen Eva Worren Chambers hevdar seg i konkurransar. For to år sidan vart ho kåra til Mrs. Norway International 2015 etter først å ha gått til topps i finalen i Mrs. North Houston Texas. Ho kan også føye ein finaleplass i Frøken Norge på CV-en og som om ikkje det var nok har ho også ein andreplass i TV3 sin konkurranse Robinsonekspedisjonen frå 2003 på merittlista.

– Eg er eit konkurransemenneske som ikkje gir meg så lett, seier ho.

Jobba i Ulsteinvik

Eva Worren Chambers starta karrieren ved reisebyrået i Ulsteinvik og budde her ein periode før vegen gjekk vidare via Haugesund og ut i verda. Under eit cruise i Karibia møtte ho mannen som ho seinare vart gift med. I fjor haust flytta dei frå Houston i Texas til Dubai.

– Vi trivst veldig godt i Dubai, der vi bur midt i hjartet av Dubai Marina. Dubai er ein veldig fin by som har mykje å tilby. Eg vil absolutt anbefale byen, det er eit reisemål som passar for alle, seier Eva.

I mai går turen heim til Noreg og Sunnmøre.

– Det skal verte herleg å kome heim og besøke familie og vener. Vi gler oss, ikkje minst til å få vere ute i naturen og nyte den friske lufta. Det er dette som er paradiset for meg, avsluttar Eva Worren Chambers.