Kunsthandelen Blomquist i Oslo held auksjon tysdag 23. mai. Namnet på auksjonen er "Moderne, Klassisk & Munch" og mellom arbeida som skal selgast er to bilete av hareidsfotografen John Olav Riise (1885 - 1978).

I katalogen kan ein elles finne eit breitt utval av arbeid utført av mellom andre Edvard Munch, Christian Krohg, Jakob Weidemann, og Håkon Bleken. Tidsmessig spenner arbeida frå Mathias Blumenthal sitt sommarlandskap «Paysage de Livornie» frå 1746 til Håkon Blekens «Hommage à Baudelaire, Balkongen» frå 2005.

I mars selde Blomqvist Kunsthandel i Oslo eit fotografi av John Olav Riise til ein pris på 38.000 kroner.

Dei to Riise-bileta som no er til sals er frå to ulike perioder i Riise si karriere.

Det eine, "Elena Silva, belle danseuse nue", er frå 1920 - 30-talet. Det var på denne tida John Riise tok til å setje saman element frå surrealisme, kubisme og ekspresjonisme i fotografia sine. Det har han ikkje gjort i dette fotografiet, men i det andre Riise-biletet som er til sals, "Landskap" frå 1962, ser vi mellom anna døme på dei karakteristiske dobbelteksponeringane som var ein av teknikkane Riise nytta seg av for å skape sine meir draumeaktige bilete.

Biletet av dansarinna er vurdert til mellom 20.000 og 25.000 kroner, medan "Landskap" er vurdert til mellom 30.000 og 35.000 kroner