Ulstein Group har ikkje spart på kruttet når dei 2. september skal feire 100-årsjubileum i dokkhallen til verftet. Dei har sett saman eit storstilt arrangement, der alle er inviterte.- Dokkhallen set rammene for ei spektakulær feiring, seier kommunikasjonssjef Lene Trude Solheim i ei pressemelding.

Det har tidlegare vore kjent at både Sigrid og Madcon tek turen til Ulsteinvik for å opptre i høve feiringa. No er det også klart at Thomas Numme er den som kjeme til å leie jubileumsfesten.

I tillegg kjem Cezinando, ein artist fleire trur dei ikkje har høyrt om, men som dei fleste nok har høyrt i ulike kanalar. Ein av dei meir kjende låtane til Cezinando er ‘Håper du har plass’.

- Andre artistar vi har på plass, er Ulstein mannskor og saksofonisten Webjørn Sæther. Sistnemnde spelte eit spesialkomponert stykke ved opninga av dokkhallen i 2002, medan mannskoret sitt innslag vil gi ein atterklang om tider som var, skriv selskapet i pressemeldinga.

Sjølv om konserten er gratis, oppmodar bedrifta alle om å skaffe seg billett til jubileumsfeiringa.