Arthurspelet: Førstkomande laurdag og sundag er det igjen duka for «Kong Arthurspelet» på Sandsøya.
            (Foto: Kong Arthurspelet)

Arthurspelet: Førstkomande laurdag og sundag er det igjen duka for «Kong Arthurspelet» på Sandsøya.Foto: Kong Arthurspelet

I morgon er det premiere:

«Kong Arthurspelet» for 13. gong

Laurdag og sundag denne helga brakar det laust med ny galskap og humor på Sandsøya.

Spelet om segnfiguren Kong Arthur har vore ei suksesshistorie heilt frå starten i 2000. I år er det 13. gongen stykket blir sett opp, og det er stadig under utvikling. Som tidlegare år vil dei mikse hendingar frå 500-talet og notida til ei herleg røre. Dagsaktuelle tema blir tatt opp på ein humoristisk og kreativ måte.

Det er lokale og dyktige amatørskodespelarar frå alle bygdelag i Sande, og nokre utanbygds, som set liv til alle figurane i spelet.

For å setje system i galskapen og styre det heile har ein, som tidlegare, trønderen Oddbjørn Hagen.

– Målet er i år at spelet skal bli endå betre. og med tanke på at dei fleste skodespelarane har vore med i fleire år, er potensialet for utvikling stort, kommenterer han. Dansaren Magnus Einang kjem heim til Sandsøya for å lese prolog og spele rolla som riddaren William. Sjølvaste kong Arthur blir spelt av teaterstudenten Oskar Fjørtoft Sandanger, som har utmerka seg både i Sande og Oslo med revy og teateroppsettingar dei siste åra.

Techno og folkemusikk

Tale Ellingsen er på plass på andre året. Ho har vidareutvikla det technomusikalske biletet meir i retning folkemusikk enn dei tidlegare komponistane.

Eit annleis friluftsteater

Det er mange historiske spel som blir sett opp i Noreg i sommarhalvåret. Kong Arthur-spelet er eit særprega og annleis friluftsteater. Monty Python-filmane om kong Arthur har vore til inspirasjon.

Det blir arbeidd mykje med språket i oppsetjinga. Spelet er skrive på dialekt frå ytre søre Sunnmøre. Det skildrande og saftige språket, som framleis har spor av halvemål og keltiske uttrykk. Mange ord og vendingar som har falle ut av det daglegdagse talemålet er funne fram og kjem til sin rett, som karnøfle og bolgris.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: