Treng publikum til "Heimebane":

På leit etter vaksne villmenn

Onsdagskvelden kom TV-teamet til NRK igjen til Ulsteinvik for å nye rundar av innspeling til dramaserien "Heimebane".

Dei gjekk igang med filming alt torsdagen. Også i denne omgang treng dei statistar som kan vere med på filminga.

– No filmar me inn ein episode som handlar veldig mykje om fotball. Varg skal spele kamp mot Ålesund, røper Martin Sepp Fredriksen som er statistansvarleg i "Heimebane". Mykje står på spel i denne kampen. Varg har lite lyst til å tape mot Ålesund, og her får trenar Helena (spelt av Ane Dahl Torp) vist kva ho har fått til som ny trenar for Varg.

Treng ville supportarar

Det blir mykje filming av fotballkampar frametter. Dei treng statistar i alle aldrar, kvinner og menn, til å vere publikum på fotballkampane frametter. Særleg er dei på jakt etter menn over 25 år som kan vere ville supportarar. Det er fint om desse mennene kan møte både onsdag 16. august og laurdag 26. august, så det blir dei same folka som er supportarar. Men Fredriksen har full forståing om det er vanskeleg for folk å møte båe dagane.

Onsdagen skal dei møte føremiddagen og arbeide kort dag, laurdagen blir frå morgon til ettermiddag.

Å vere statist er uløna, men dei som møter får mat og filmteamet gjer sitt beste for at statistane får ei god oppleving. Her får ein høve til å sjå korleis NRK arbeider når dei lagar dramaserie for fjernsynsskjermen.

Treng alltid fotballspelarar

"Heimebane" er ein dramaserie om fotball, så serien treng ein del menn som kan spele fotball, gjerne over 20 år. – Dei treng ikkje vere toppspelarar, men må vere i litt god form, forklarer statistansvarleg. Dei treng fotballspelarar til å fylle opp fotball-laga.

– Om nokon vil spele mot John Carew som Ålesund-spelar, har dei sjansen no, det er berre å sende meg ein e-post.

– Fine folk

Fredriksen er veldig nøgd med jobben statistane gjorde i mai. No har dramagjengen byrja å klippe saman episodane som vart filma i vår, og statistane frå Hareidlandet tar seg bra ut på skjermen. – Det ser veldig bra ut, heilt topp, rosar Fredriksen.

Både filmteamet og skodespelarane vart imponerte over statistane som stilte i førre runde. Dei var med å lage god stemning og gjere jobben på fotballbanen lettare for skodespelarane, då dei kjende at det var folk på tribunen som faktisk heia på dei. Det var tydeleg at i Ulstein er det mange som er vane med å gå på fotballkamp å heie fram laget sitt.

– Det er fine folk. No håpar eg at engasjementet er like stort denne gongen, seier Fredriksen.

Om nokon er usikre på om dette er noko for dei, håpar han at dei melder seg og prøver seg ein dag som statist. Han trur ikkje dei vil angre.  

E-postadressa til Martin Sepp Fredriksen er martin.sepp.fredriksen@gmail.com

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 

Mobbesaka i lagmannsretten:

Odd 2 - Hødd LIVE

Bortekamp for Hødd tidleg måndag ettermiddag.

Teknisk utval på mogleg synfaring:

Naboar protesterer mot bustadblokk

Ulsteiningen Leif Klokk står bak mikrobryggeriet Klokk & co:

Lever ut øldraumen