Neste veke kjem bokbåten

Det er haust og neste veke startar bokbåten Epos opp haustturneen sin. Denne gongen er det Torunn Tusj som står for det kulturelle programmet: "Hvem vet hva det blir - En fortelling på bestilling". Her får publikum vere med å bestemme handlinga. Ved hjelp av enkle hjelpemiddel får Torunn med seg både born og vaksne på leiken.

Målgruppa er frå 3 år og opppover.

Onsdag 27. septembet klappar Epos til kai i Vartdal, Hjørungavåg og Eiksund. I Hjørungavåg blir det to framsyningar.

Torsdag 28. september er det Gursken, Sandshamn og Slagnes sin tur.

Fredagen står Fiskå, Kvamsøy og Rovde på programmet.

Laurdagen er det Kvalsund, Gjerdsvika og Leikong.

Sundag legg båten til kai i Velsvik og Sør Brandal.

Måndag 2. oktober er det tid for Austefjorden, Folkestad og Dravlaus.

Tysdag er det Moltustranda, Stokksund og Barstadvik.

Onsdag 4. oktober legg båten til kai ved Haddal, Lauvstad og Ramstaddal før båten går nordover.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: