Norske eple er i sesong igjen no og med sin friske og smakfulle aroma er dei perfekte i bakverk. Eplebåtar med kanel, hakka mandlar og sprøseig deig på toppen - kva er vel betre enn ein lun eplepai?

Hausten byr på mange gode råvarer og smakar som vi alle har assosiasjonar til frå barndom og oppvekst. Ein av desse er dei norske epla som vi kan bruke til utruleg mykje forskjelleg. Eplepai høyrer til på menyen hjå meg kvar haust når dei norske epla er modne.

Den tradisjonelle eplekaka har eg eigentleg aldri vore så alt for begeistra for, men gir du meg ei terte eller ein pai med eple så jublar eg! Smaken av dei søte og syrlege epla saman med kanel og paideig servert med ein god klatt iskrem vekkjer gode haustminne. I år som i fjor skal eplepaien på plass. Er du freista til å lage eplepai du også så får oppskrifta på denne enkle og smakfulle versjonen her!

Ingrediensar til ca. 4-6 personar:

• 170 g kveitemjøl

• 50 g havregryn

• 100 g sukker

• 100 g rørsukker

• 180 g smør, kaldt og i terningar

• 1 egg

• ½ dl mandlar, grovhakka

• 1-2 ss kanel

• 4 medium store eple

Forvarm steikeomnen til 200 ºC.

Ha kveitemjøl, sukker og havregryn i ein bolle og bland det godt. Kna inn smøret til du får ei fast, men ganske tørr deig. Rør deretter inn egget til du får ei ganske så klissete deigrøre. Skrell epla og skjær dei i ca. 8-12 båtar pr. eple, alt etter kor store epla er og kor store bitar du likar. Legg epla i ei eldfast form på ca. 24 cm slik dei dekkjer botnen på forma. Strø over kanel og grovhakka mandlar. Legg deretter deiga i klattar oppå eplea slik at det dekkjer alt i forma. Sett inn i forvarma steikeomn og lat det steike i ca. 30-35 minutt, til paideiga er sprø og gylden på toppen. Avkjøl litt på rist før du serverer lun eplepai saman med god iskrem eller piska kremfløte.

mat: Matspalta står på trykk kvar laurdag. Kari Ryslett og Mari-Lene Korsnes er spaltistar. Spalta er eit samarbeid mellom Vikebladet Vestposten og Møre-Nytt. Foto: Privat