Ikkje før har kong Harald vitja Herøy, så kan Fosnavåg konserthus melde om at dei får besøk av nok ein sjeldan gjest. Førstkomande fredag kjem noko så sjeldant som ein buktalar til kystbyen. Det er  buktalar og magikar Erik Mogeno som står for dette eksotiske besøket.

Nokre hugsar kanskje Mogeno frå Norske Talenter der han kom heilt til semifinalen i 2015. Dei to siste åra har han arbeidd med showet "Du skal bli pappa!". Dette har skjedd samstundes med at han har vore oppteken med å skifte bleier og varme opp morsmjølkerstatning, i følgje ei pressemelding frå Fosnavåg konserthus.

"For det er dette Erik har holdt på med etter han vart pappa. Og det er nettopp dette denne framsyninga handlar om. Her spøker Erik om alt frå ultralyd, til sexfiksert barne tv. Kva folk forventar av unge foreldre, og korleis fødselen gjekk. Det heile er lagt opp som eit standupshow, men fleire av Erik sine buktalarkarakterar er sjølvsagt også med", heiter det i pressemeldinga frå konserthuset.