Rode og familien hennar kom flyttande til Ulsteinvik då ho var ti år gammal, og flytta til Nesodden for nokre år sidan. Men, som ho har sagt i intervju med Vikebladet Vestposten tidlegare, kjenner ho seg mest som ulsteinvikar.

I kveldens direktesendte The Voice på TV2 framførde 19 år gamle Kaja Beatles-klassikaren «Golden Slumbers/Carry That Weight» til toppkarakterar frå mentorane.

Det gav også god betaling blant det norske folk. Ho er vidare som ein av dommar Yosef Wolde-Mariam sine fire deltakarar, der dei andre er Andrea Santiago Stønjum (16), August Dahl (21) og Jeremayah John (32).