Operagallakvelden, som går av stabelen i i DR Koncerthuset i den danske hovudstaden, blir arrangert av DR SymfoniOrkesteret i samarbeid med ei av verdas mest prestisjefylde songkonkurransar, Dronning Sonja Internasjonale Musikkonkurranse. Blant publikummet vil deira Majestetar Dronning Margrethe av Danmark og vår eiga Dronning Sonja vere til stades. Det skriv DR.dk.

På scena vil ei rekkje unge songtalent utfalde seg, og blant dei vår eigen Bror Magnus Tødenes. Eiksundaren blir sett på som eit av dei verkeleg store talenta innan operasong, og songkarrieren så langt hans burde vere kjend for mange frå våre trakter.

- Kan la musikken tale

Også tidlegare vinnarar av Dronning Sonja Internasjonale Musikkonkurranse skal synge.

Kim Bohr sjef for DR Kor & Orkestre, seier dette om konserten, og songarane:

- I DR SymfoniOrkestret ser vi like mykje fram til denne operagallaen som før orkestret sine normale, klassiske konsertar. Kveldens unge sangsolistar har alle nådd eit nivå, der vi som publikum kan gløyme tid og stad, lene oss trygt tilbake og la musikken tale.

Spesielt invitert av Dronning Sonja

Bror Magnus Tødenes er for tida heime i Stavanger, der han og forloveden hans, Ida Katrine Hagen Johansen, nyt stille dagar. Han fortel om det neste store som skjer for hans del, operagallakvelden i København.

- Det er ei slags bursdagsfering for den danske dronninga, der Dronning Sonja også er blant gjestane. Det spesielle for min del er at eg er den einaste av dei som er med, som ikkje har vore med i Dronning Sonja Internasjonale Musikkonkurranse. Eg blei spesielt invitert av Dronning Sonja, og det er ei stor ære for meg.

Etterlengta fridagar i Stavanger

Bror Magnus og Ida Katrine leiger for tida ei leilegheit i oljebyen, men om alt går etter planen endar dei opp i Oslo etter kvart.

- Ho går siste år med skule her i Stavanger, og vi har i grunnen staka ut kursen vidare, og då er destinasjonen høgst truleg Oslo neste sommar, seier Bror Magnus.

Tødenes fortel at han har ei rekkje spanande prosjekt framover, både i Norge og i utlandet.

- Eg kan avsløre så mykje som at eg vil syngje både i Oslo og Bergen i tida framover. Så reiser eg til Poznań i Polen, der eg skal halde ein solokonsert 19 . april.

Men allereie i november, etter konserten i København, skal Bror Magnus framføre Georg Friedrich Händel sitt mektige verk "Messias" i Oslo konserthus.

- Sjølv om eg nyt nokre rolige dagar no, så er det mykje som skjer framover. Det har vore eit køyr i over to år no, der eg nesten ikkje har hatt fri og alltid vore på reisefot. No er det berre godt å få slappe av saman med Ida Katrine, seier Bror Magnus.

- Wien var spesielt

I sommar var Bror Magnus sitt eittårige opphald i Wien over, der han var knytt til Wiener Staatsoper, det viktigaste operahuset i Wien.

- Operasongen har verkeleg tatt meg over heile verda. Men, det var veldig spesielt å vere i Wien i eitt år. Eit utruleg historisk bygg, og ei historisk scene. Wolfgang Amadeus Mozart skreiv mange av sine verk spesielt for den operaen. Det er framleis eit veldig aktivt hus, og det var veldig inspirerande å få vere ein del av det som skjedde der, seier Bror Magnus Tødenes og legg til:

- Det var mykje jobb for lite pengar, men eg sit igjen med mykje erfaring. No gler eg meg til nye eventyr.