Korleis formidlar ein best 100 års historie i løpet av halvanna time? Det spørsmålet fekk ein svært godt svar på då elevane ved Hareid ungdomsskule og Hareid musikk- og kulturskule viste fram ”Fortid vert framtid” i Hareidhallen onsdag.

Gjennom alt frå song, dans, skodespel og musikk, til idrett og levande bilde, fekk publikum ei komprimert, men svært interessant, imponerande og ofte morosam framstilling av Hareid sine 100 år som eiga kommune.

Publikum fekk ta del i utviklinga og særtrekka ved Hareid kommune, frå brotet med Ulstein i 1917 og fram til i dag.

Møte mellom fortid og notid

Tidslinja i framsyninga vart drive fram gjennom to Hareidsjenter, ei frå 1917 og ei frå 2017, som saman utforska forskjellane på dei ulike periodane i Hareidshistoria. Frå førkrigstid til åra under tysk okkupasjon. Gjenoppbygging av landet og utviklinga av samfunnet, frå ei tid utan både straum og kommunikasjon, til dagens mobile kvardag. Her fekk elevane vist fram sine skodespelarkunstar, ofte med glimt i auget.

Frå Rannveig til Tira

Og humoren var ein gjennomgåande del av framsyninga. Mellom anna frå det nygifte paret som var ueinige om det var nødvendig med all slags elektriske apparat. Der han gjerne kunne klare seg utan elektrisk komfyr endå ei stund, medan ho helst ville sleppe torvhaugen på kjøkengolvet, men der begge var einige om at ungar måtte ein ha.

– Og det treng ein ikkje straum for å lage!

Latteren sat også laust under videosnuttane med tidsvitne frå dei ulike epokane. Snuttane som var produserte av Camilla Tangen Nanseth i Nanseth Media fungerte godt som overgangar mellom tiåra, men tilførte også framsyninga ein ekstra dimensjon eller to.

Frå Rannveig Grimstad (fødd i 1923) og heilt fram til Tira Hole Grimstad (fødd i 2010) serverte intervjua eit kort innblikk i korleis det var å vere ung i Hareid kommune oppgjennom dei siste 100 åra, med artige historier, vakre bilete og flott produksjon.

Hole Grimstad var også med på scena under avslutningsnummeret med ”Vestlandet” der ungjenta var solist framom eit kor av ungdomsskuleelevar. Og som resten av framsyninga var det stort spenn i musikken. Frå Johan H. Grimstad til Vassendgutane, via Beatles til Kontrollert Kaos. Og rapkollektivet, eller delar av det, stilte også på scena med sin ferske ”Ei Tåre i Takknemligheit”.

Les også: Målblomen til Kontrollert Kaos

Toppa alt hittil

Det er ikkje godt å få med hundre års historie på så kort tid, men elevar og lærarar ved ungdomsskulen og musikk- og kulturskulen gjorde ein framifrå innsats for å servere ei flott oppsummering av Hareidshistoria.

– Eg vart rørt på stadar der eg ikkje trudde eg kom til å verte det, fortalde manusforfattar Leiv Arne Grimstad, og det seier litt om den prestasjonen dei unge aktørane leverte.

Men også manusforfattaren fekk ros.

– Som ordførar vil eg takk ungdomsskulen og musikk- og kulturskulen for ein fantastisk kveld. Dette har vore ei oppleving frå start til slutt, og eg vil rose dykk for den innsatsen de gjer med kulturen i Hareid. I dag vil eg også rose han som har skrive tekstane, for det var givande å høyre og ein fekk med tråden gjennom heile hundreårshistoria. Vi skal feire hundreårsjubileet til Hareid på ulikt vis, men dette toppa alt hittil, slo ordførar Anders Riise fast.

Sjå stor bileteserie i toppen av saka.