Som i fjor vil Sørøyane Røde Kors og Ulstein frivilligsentral invitere store og små til ein adventstund på Bugardsmyrane første søndag i advent. Sjå også annonse i torsdagsavisa.

Vi fyrer bål pannene og koker kakao og nissegraut, her vil  vere aktiviteter for store og små. Kan vere lurt å ta med ei lommelykt/haudelykt.  Nissen har gitt beskjed om at også han kjem i år. I god tid før julegranna skal tennes, går vi i fakkeltog frå Bugardsmyrane til Rådhusplassen i sentrum, ta gjerne med fakkel, men vi har  nokre faklar som vil bli delt ut.

Mange har sett at det har blitt  bygde ein flott gapahuk i området, det er eit samarbeidsprosjekt mellom Ulstein frivilligsentral, Sørøyane Røde Kors-omsorg og Ulstein Rotary klubb. Gapahuken vil bli offisielt opna denne søndagen ved ordførar Knut Erik Engh, så det er mykje som skjer denne søndagen, så det er vel verdt å legge søndagsturen til Bugardsmyrane, seier dagleg leiar ved Ulstein frivilligsentral Inger Anne Dimmen.

Sørøyane Røde Kors og Ulstein frivilligsentral