Ein kritisk jury, utstyrt med kvite hanskar og lupe, vart under ei samling i Roma sist helg einige om at Cecilie Hatløy var funnen verdig til å kunne kalle seg Qualified European Photographer (QEP). Hatløy er den einaste norske fotografen som har denne utmerkinga.

Det er FEP (Federation of European photographers) som står bak utmerkinga QEP som er ei form for kvalifikasjonssertifisering.

FEP er interesseorganisasjonen for over 50.000 profesjonelle fotografar i Europa.

Nyfødde

Då Cecilie tok til som profesjonell fotograf og oppretta studioet Lykkeliten for åtte år sidan, var det nyfødde born som utgjorde dei aller fleste fotomotiva. Og det var nettopp dette temaet ho hadde valt då ho sende inn 12 bilete i forsøket på å kvalifisere seg.

– Det er svært strenge krav som vert stilt. Det kostar også ein del, både tid og pengar, om ein skal delta, men eg ser på dette som ei investering, seier Cecilie.

Bileta skal presenterast i ein serie og det skal gå ein raud tråd gjennom serien. Alle bileta må ha same høge kvalitet.

– Eg leverte inn 12 svart/kvitt-bilete av nyfødde born. Eg har lagt vekt på å strippe vekk mest mogleg, slik at bileta gir eit reint uttrykk der merksemda er på barnet, forklarer ho.

Svart/kvitt

– Eg kjenner ei dragning mot svart/kvitt-fotografi. Noko anna eg kunne ha lyst til å jobbe meir med, er fotografering av folk som har levd ei stund. Eit andlet kan fortelje ei heil historie. Og sjølv om mange vaksne menneske meiner at det ikkje har noko for seg å la seg bli portrettfotografert etter at dei har blitt eldre, så kan det jo hende at familien ser kor viktig eit slikt portrett kan vere, understrekar Cecilie.

Neste steget på kvalifikasjonsstigen er Master QEP, men førebels har ikkje Cecilie konkrete planar om å kvalifisere seg ytterlegare.

– Eg kjem til å kvile på desse laurbæra ei stund, før eg mest truleg vil prøve å avansere til Master QEP seier ho.

Nøgd leiar

Leiaren i Norges Fotografforbund og påtroppande president i FEP, Truls Løtvedt, gratulerer Cecilie Hatløy med utmerkinga:

– Eg er svært nøgd med at ein av medlemmene våre no har lukkast i å oppnå denne anerkjenninga. Ei QEP-kvalifisering er eit prov på at vedkomande fotograf kan levere fotografisk arbeid av svært høg kvalitet, arbeid som er vurdert av dommarar som alle sjølv har oppnådd denne anerkjenninga tidlegare.