Etter julegrantenninga i Åsendalen fredagskvelden var det julespel i Hareid kyrkje. Juniorkonfirmantane framførte julespelet "Julenatt i stallen" av Astrid Lindgren i lag med barnekantoriet, eit lite orkester og vaksne solistar.

Lyset i kyrkja var dempa, og det var mange tende kubbelys, noko som gav ei lun og god stemning i kyrkja. Me fekk sjå den kjende historia om Maria og Josef som fødde eit lite barn i ein stall. Her var historia sett gjennom auga til eselet. Gjennom song og musikk vart historia drive framover. Det var humoristisk og fint framført.