Julenattinéen i Ulstein kyrkje har eksistert i ein mannsalder og for enkelte vert det ikkje retteleg jul før denne musikalske mønstringa er på plass. Sjølv om nattinéen stiller med nye solistar og nye songar kvart år, greier dei likevel gong etter gong å skape den vesle gneisten av magi som du berre kan finne i Ulstein kyrkje to dagar før jul.

Slik vart det også i år.

Programmet innheldt ei god blanding av tradisjonsrike juletonar og julesongar av det meir nymotens slaget, støtta opp med dyktige musikarar. I år bestod orkesteret av Øyvin Sønnesyn (piano), Jan Thormodsæter (bass), Karl Oluf Wennerberg (trommer), Kåre Skare Lystad (gitar), Runa Husøy (saksofon), Pål André Grimstad Worren (trompet), Julia Oseland (fiolin), Sveinung Hatløy Sætre (Bratsj), Joachim Orseth (cello) og Bjørnar Hovlid (orgel). Ingfrid Grimstad og Einfrid Grindheim stod for koringa.

I tillegg fekk publikum som vanleg synge med av hjartans lyst på allsongane og Øyvin Sønnesyn delte sine julerefleksjonar med tilhøyrarane.

I år tok han oss med til Tanzania og til venen sin, presten Godbless. I fjor vart Godbless uskuldig dømt og sett i fengsel, men i fengselet heldt han både gudstenester og fekk møte og snakke med menneske han ikkje hadde truffe under andre omstende. Slik kan noko som er fælt også føre til noko godt. Godbless vart sluppen fri i april i år.

Etter eit flott program kunne tilhøyrarane til slutt stemme i med "Deilig er jorden". Og så er det jul.