Denne vinteren/våren skulle artisten Ingrid Bjørnov ut på turné med showet "Steinway to heaven".

Bjørnov fekk kreftdiagnose 1 veka før premieren på hennar nye show. Ho vart raskt tatt hand om av legar og sjukehus, og fekk på seinhausten melding om at det såg ut til å ha gått bra, står det i ei pressemelding frå Backstage Management og Produksjon. Ho gjennomførte heile haustturnéen.

Men no har ho fått melding om at kreften har kome tilbake, og ho er difor nøydd til å avlyse heile turnéen, slik at ho kan gjennomføre naudsynt behandling.

Etter planen skulle ho mellom anna opptre på Sjøbork kulturhus i Ulsteinvik 7. mars. Dei som har kjøpt billett vil få refundert billetten sin.

Kommentar frå Bjørnov

I pressemeldinga står denne kommentaren frå artisten sjølv: "Så kom kreften. Den beit meg i leggen i fjor sommer, jeg ble operert i en fei og kjørte hyperaktiv sykmelding gjennom høsten. Nå er det spredning og jeg må gjennom en hestekur som ikke lar seg forene med reising og pianospill. Det er med tungt hjerte jeg avlyser resten av Steinway to Heaven-turnéen. Legger meg i de beste hender, håper jeg kommen grusomt tilbake. Ingrid."