Laurdag er det klart for Nyttårskonserten med HDU og ULF på Sjøborg. Dei to korpsa spelar to konsertar, der dei har med seg to dyktige solistar på scenen.

Men kort tid før dei to konsertane er det klart at det blir eit solistbyte. Ifølgje Mary Kleven Brekke har Marius Roth Christensen blitt tvinga til å melde forfall grunna sjukdom.

Dermed måtte ULF og HDU finne ein ny solist, men det ser ut til at det har gått bra.

Inn steppar nemleg Mikkel Skorpen. Han er ein lyrisk tenor og Timanilærar som har studert klassisk song ved ArtEZ Hogeschool voor de kunsten i Zwolle i Nederland, samt ved Operahøgskolen i Oslo.

Han har mellom anna jobba på to produksjonar ved Opera de Lyon i Frankrike i tillegg til å opptre som solist i oratorium av ei rekke kjende komponistar.

I 2012 vann Skorpen «MUSICO liedkonkurranse» i Amsterdam, og i desember 2015 kunne han ta imot Erling Kroghs Sangerlegat i regi av den Norske Opera & Ballett.

Det ser med andre ord ut til at Nyttårskonserten likevel skal vere i trygge solisthender.

Espen Langvik er tilbake på Sjøborg og får med seg Mikkel Skorpen som ny solist under årets Nyttårskonsert.