Det er Marine Glischke som er kunstnaren bak humla og blomen som utgjer hovuddekoren på kartongembalasjen til raudvinen Pietramore Montepulciano d’Abruzzo. Vinen vart lansert hos Vinmonopolet denne veka.

Ein sommardag i fjor gjekk ho ned på marka nedanfor heimen deira på Gardshol for å lage skisser av insekt og blomar. Skissene la ho ut på ei nettside der nordiske illustratørar og kunstnarar kan presentere arbeida sine.

– Allereie same dag vart eg kontakta av ein grafisk formgjevar som hadde sett skissene mine på nettet og hadde lyst til å bruke motivet på ein vinkartong, fortel ho.

Marine arbeidde eit par dagar for å reinteikne motivet, før ho og den grafiske designaren var nøgde. Og for å gjere ei lang historie kort, den 13. januar i år var kartongvinen tilgjengeleg på Vinmonopolet.

– Det var veldig artig å sjå det ferdige resultatet seier ho.

Frå Armenia

Marine kjem frå Armenia, men flytta til Noreg for seks år sidan. Som hos så mange andre var det kjærleiken som var årsaka. Mannen hennar, Miguel, er frå Tyskland, frå Trier, ikkje så langt frå Luxembourg. Marine og Miguel møttest i samband med at Marine besøkte tanta si som er busett i Tyskland. Miguel arbeidde då som rørleggar i Ulsteinvik. Då Marine reiste heim til Armenia heldt dei kontakten med kvarandre via nettet. Det enda med at dei gifte seg i Armenia og deretter gjekk turen til Noreg.

– Eg visste ikkje så veldig mykje om Noreg, anna enn at det var eit land i Skandinavia og at namnet tyder «vegen mot nord». Eg trivst veldig godt her, naturen her er veldig fin, seier Marine og ser ut stoveglaset mot Botnavika.

Dei første åra budde ho og mannen i Haddal, men for eitt år sidan kjøpte dei seg hus på Gardshol. Der bur dei saman med dottera Mila på snart tre år.

Utdanna ved kunsthøgskule

Marine er utdanna ved den statlege kunsthøgskulen i Jerevan i Armenia.

– Eg utdanna meg først til klesdesignar, deretter gjekk eg tre år på linja for bildande kunst, fortel ho.

Ho fortel at ho nyttar fleire teknikkar, gjerne i kombinasjon med kvarandre, når ho skal lage eit bilete. For å lage biletet av humla og blomen har ho til dømes brukt penn, fargestiftar og akvarell.

– Eg brukar gjerne å ta eit foto av motivet før eg målar det, eller så teiknar eg skisser, forklarer ho og syner oss nokre av skissebøkene som er proppfulle av portrett, teikningar av insekt og andre idéar og utkast ho jobbar med.

For nokre år sidan var ho med på ei fellesutstilling i regi av Hareid kunstlag, men har ikkje stilt ut noko etter dette. Ho kunne gjerne tenkt seg å delta på ei ny utstilling dersom høvet skulle by seg.

For tida arbeider ho ved Høddvoll barnehage, men ho har også jobba ved Blåtinden barnehage i Haddal. Begge stader har dei nytt godt av Marine sine kunstnariske evner, ettersom ho har måla fleire store måleri som prydar veggene i dei to barnehagane, med motiv både frå Hakkebakkeskogen og norske folkeeventyr.

Det er ikkje lett å få tid til å måle og teikne når ein i tillegg har jobb, hus og born å ta omsyn til, men ho prøver å setje av litt tid til dette kvar dag. I kjellaren har ho fått innreidd eit rom som ho nyttar til sine kunstnarlege aktivitetar.

– Her finn eg ro og ny energi, seier Marine.

- Eg er glad i japanske akvarellar og let meg inspirere av dette, seier Marina som har måle denne akvarellen av to koi-fiskar. Foto: Privat