Bakoversveisen, og for så vidt også gåsehuda, er berre metaforar for at det var ei flott og sterk konsertoppleving. Tre som derimot hadde bakoversveis på ekte, var dei tre frontfigurane Stephen Ackles, Paal Flaata og Vidar Busk som no reiser landet rundt med konserten "In memory of Elvis Gospel".

Sjølv om han har vore død i over 40 år, trekkjer Elvis framleis publikum. Det var ei nær fullsett Ulstein kyrkje eit prov på.

Con Moto, under leiing av Einfrid Grindheim, fekk vere med på å setje eit solid punktum for konserten i Ulstein kyrkje, der utgangspunktet var Elvis Presley i musikalsk gospel-drakt. «How great Thou art» må vel seiast å vere mellom dei aller mektigaste songane som «The king» hadde på repertoaret, og trioen Ackles, Flaata og Busk hadde sjølvsagt denne perla med seg på turnéen som starta no i januar. Over 80 kyrkjer reknar dei med å ha besøkt når rundreisa vert avslutta ein gong ut på seinhausten.

Lokale kor

Like mange lokale kor vert engasjerte til å delta på konsertane og før konserten i Ulstein kyrkje var det Con Moto som slo til på tilbodet. Dei har øvd på Elvis-låtar sidan rett etter jul.

Con Moto deltok på den siste tredjedelen av den vel ein og ein halv time lange konserten, og fekk vere med på å setje preget sitt på Elvis-klassikarar som «Bridge over troubled water», «Glory, glory, Hallelujah» og «Oh, happy day».

Før den tid hadde solist-trioen og det dyktige sjumannsorkesteret deira varma pulikum skikkeleg opp. Mange kom nok i kontakt med sin indre pinsevenn denne kvelden, folk klappa og song «amen» som den mest naturlege ting i verda.

Dei tre vokalistane fylte ut kvarande på ein god måte og konserten var fint balansert mellom enkle, stillferdige parti og medrivande, mektige og drivande låtar som tok fullstendig av og gav tilhøyrarane både gåsehud og bakoversveis. Mellom mange høgdepunkt vil vi trekke fram Paal Flaata si inderlege tolking av «You’ll never walk alone», framført med så sterk innleving at du mest kan tru at det er sant. Vidar Busk sin gitarsolo til den suggererande «Run on» var også verdt å få med seg og Steven Ackles imponerte med si flotte røyst, særleg der det trengst ein god porsjon patos.

— Dette var flott

To av dei som var tilstades i Ulstein kyrkje var Oddrun Ringstad og Bjørg Farstad. Dei to systrene frå Haddal er ivrige brukarar av kulturtilbodet på ytre søre. Dei meiner gospelkonserten var mellom dei bedre kulturopplevingane dei har hatt.

– Eg sat og trampa takta under store delar av konserten, avslører Bjørg. Ho er ikkje like stor Elvis-fan som veslesyster Oddrun, men tykkjer likevel at det var ein flott konsert.

– Ja, dette var fantastisk. Ein del ukjende songar var det, men likevel ein kjempekonsert, seier Oddrun.