12. februar var det 20 år sidan «Gråbuda» vart flytta ut av Martin Karlsen AS sitt fabrikkområde og over på Ishavsmuseet si nye tomt ca. 40 meter lenger nord. Det var Ødegård si store flytekran som utførte jobben.

Då hadde museet venta i fleire månader på å få krana til Brandal. Det måtte sjølvsagt klaffe både med roleg sjø og vind, samstundes som krana var i nærleiken, fortel dagleg leiar Webjørn Landmark.

Henrik Landmark, som for 20 år sidan var dagleg leiar ved museet, hadde sett seg som mål at Ishavsmuseet skulle opne i nye lokale 1. juni 1998, for å markere 100-årsjubileet for sunnmørsk selfangst. Få trudde at dette skulle gå, sidan sjølve flyttejobben vart så forseinka. Men etter fleire månader med iherdig jobbing av dugnadsgjengen, tilsette og innleigde, nærast døgnet rundt, vart dei første gjestene tekne imot 1. juni klokka 12.00. Den offisielle opninga av museet skjedde litt seinare.

Mange undra seg over kva museet skulle bruke heile den store buda til, men ho vart raskt for lita, og dei siste 7-8 åra har museet bygt ut fleire gonger.