Søndag er det klart for den årvisse bedehusfesten i Hareid.

- Talaren i år er Per Sævik. Han en kjend som skipsreiar og leiar for Havila-selskapa, samt å ha fleire sentrale roller innan norsk og internasjonal skipsfart. Han er tidlegare ordførar i Herøy, og var stortingsrepresentant i perioden 1989 – 93. Sævik er og Hans Nielsen Hauge-entusiast, forkynner og ein tydeleg talsmann for dei kristne verdiane i landet vårt. Vi har med andre ord fått ein profilert talar til bedehusfesten i år, heiter det i omtalen frå styret for Hareid bedehus.

Til bedehusfesten kjem også Kammerkoret under leiing av dirigent Stig Lennert Håheim.

- Koret står for kvalitetssong og har ofte nye og spanande ting å by på, slik også denne kvelden, så vidt vi forstår, fortel bedehusstyret.

Odd Goksøyr blir og med i programmet. Han vil framføre songar og dikt frå diktsamlinga «Glimt av opphav – glims o origin», ei samling shetlandske dikt som han har omsett til nynorsk og gjeve ut etter ei rundreise han hadde på øyane sist sommar.

Ifølgje bedehusstyret vil det også bli lagt fram årsmelding og rekneskap for Hareid bedehus denne kvelden.

- Som mange kjenner til, er det aktuelt å overdrage bedehuset frå dagens eigarar til Hareid sokn. Soknet arbeider med planar om å bygge bedehuset om til kyrkjelydshus. I samband med årsmeldinga, vil det bli litt informasjon om denne prosessen, skriv styret i Hareid bedehus.

Storsalen på Hareid bedehus er pynta til den årvisse bedehusfesten.